Leiarskap og tilsyn i bokform

  KVARDAGSDOKUMENT: –Leiarskap og tilsyn er ei bok alle vil ha nytta av, seier generalsekretær Karl Johan Hallråker. (FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV) Av Vilhelm Viksøy   – Primært har det vore meininga å få det med i bedehushandboka som ressurs til styre og leiarar i ImF-familien. Når heftet kjem i bokform i tillegg, har det to grunnar. For det […]

  

KVARDAGSDOKUMENT: –Leiarskap og tilsyn er ei bok alle vil ha nytta av, seier generalsekretær Karl Johan Hallråker. (FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV)

Av Vilhelm Viksøy

 

– Primært har det vore meininga å få det med i bedehushandboka som ressurs til styre og leiarar i ImF-familien. Når heftet kjem i bokform i tillegg, har det to grunnar. For det eine har eg fått fleire signal om at det var ønskeleg at innhaldet blei gjort lett tilgjengeleg for folk generelt. For det andre er det eit innhald som det er lettare å studera og få med seg når ein har det i ei eiga bok, seier Karl Johan Hallaråker.

 

Arbeidsreiskap.

Boka byggjer på dokumentet med same namn som vart handsama på fjorårets Generalforsamling, men innhaldet er omarbeidd og bygd vidare ut etter dette. Responsen frå samtalen under GF har gitt nokre endringar, men største endring er at boka har fått med nye avsnitt i lys av vinterens kyrkjedebatt.

Hallaråker håpar at boka vert nyttige arbeidsreiskap for krinsar og lokalforsamlingar.

– Forbundsstyret ønskjer at alle krinsstyre, og lokale styre og leiarar, skal studera innhaldet og drøfta korleis ein kan aktualisera dette i sin samanheng. Dette er jo ikkje ei detaljoppskrift, men materiale som skal stimulera til drøfting og praktisering slik det høver best i den enkelte samanhengen.

 

For alle.

– Er Leiarskap og tilsyn berre for styre og råd, eller er den også for mannen i gata?

– For all del, dette er ei bok som alle kan ha utbytte av. Det er faktisk viktig at materiale til leiarar blir studert og drøfta av alle i forsamlinga eller samanhengen ein er i. Det blir lett usunt dersom leiarar lever og blir utrusta isolert frå fellesskapet, seier Hallaråker som understrekar at sjølv om det er mykje nyttig for fotfolket, er ikkje dette ei intern ImF-bok. 

 

– Det er positivt at folk utanfor ImF veit korleis vi tenker om vitale spørsmål. Men boka inneheld også bibelteologisk materiale om vårt evangelisk lutherske vekkingsteo-logiske grunnsyn, og her er materiale om vårt kyrkje- og embetssyn. I ei tid der desse spørsmåla er på dagsorden både i bedehusland, kyrkje og samfunn, er eg så frimodig at eg meiner her er materiale inn i denne situasjonen som alle kan ha nytte av.

 

Prisen på boka er sett til kroner 100,- og kan bestillast direkte frå Indremisjonsforbundet. Ved kjøp av fleire er det eigne prisar.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

© Kopirett - Sambåndet